...

Mineral, bergartar

Totalt har vi 250-300 ulike norske mineral på lager, nokre berre i så få eksemplar at det ikkje er nokon vits i å setja dei på liste. Prisane på mineral i boks (4x4cm og opp til 10x10cm) varierer vanlegvis frå 20 til 200kr. For spesielt gode prøver stundom noko meir. Du kan derfor bestille den kvaliteten lommeboka tillet, og har full returrett innan 2 veker. Evt. kan du setja ein sum og la oss plukke ut innafor denne.

20100402_10.JPG

-AESCHYNITT-Y, Mølland, Iveland. Nokre få større prøver med skarpe xls av dette svært radioaktive mineralet, også fleire perfekte enkeltxls med kantlengde opp til 2cm.

-AKTINOLITT, tette nek (garben) og stuffar, grøn! Oppdal: Ein del svært attraktive grupper med skarpe, grøne a.xls i kvit/gul talk, opp til 15 x 15cm til prisar frå 150 - 700kr.
-SANDANE: Nek og grupper med flott grønfarge, rimelege ! 125 -400kr

-ALLANITT (=ortitt), Berdalen, Luster. Skarpe, opptil 8cm lange, svarte xls preparert fram i pegmatittmatrix. Nokre få xls har perfekt terminering. Uvanleg gode xls av eit vanleg mineral. Nokre få større prøver opp til 500kr.

-ALBITT /prehnitt +/- epidot/pumpellgitt - Valberg, Kragerø, nokre få store, gode stuffar til prisar frå150-700kr.

-ALBITT +/- prehnitt frå Ravneberget, Søndeled. Nokre få stuffar av nydeleg rosa xls på store stuffar (liknar på rodochrositt frå Romania !) 3-800 kr.

-ALMANDIN, Steli, Iveland. Rimelege prøver opp til 20x15cm med gode a.xls i matrix av feltspat og glimmer. Også mange gode småprøver. Prisar frå 150-800kr for store prøver.

-ALMANDIN, Harstad og Fauske. Gode prøver med a. preparert ut i glimmerskifer. Enkelt-xls opp til 5cm. Prisar for gode prøver frå 80 - 400 kr.

-ANATAS, Hardangervidda og Valdres. Enkeltxls opp til 30mm. Xls opp til 25mm på martix med adular. Høg pris.

Image1.jpg

-ANDRADITT, gamle stuffar frå den nå freda forekomsta på Skjerpemyr, Grua. Skarpe granatar, nokre med grossular og uralitt. Prisar 75 -300kr.

-APATITT, Øyna, Froland. Tønneforma xls opp til 3cm, i grupper og på matrix med aktinolitt og sjeldnare titanitt. Godt utval av stuffar til rimelege prisar.

-APOPHYLLITT, bleikrosa xls +/- stilbitt og kalsitt. Nopkre få gode stuffar frå Lier. 150-650 kr.

-ARAGONITT, orientert overvekst på kalsitt på Dolomitt (på Amethyst) frå Stange, Hedmark. Nytt funn 2001.

-BARYTT, Herre og Kristiansand. Nokre få større prøver. Gode enkeltxls til 10cm.

-CORDIERITT, spaltestykke med sterk solsteineffekt. E18, Akland, Risør. Også polerte skiver opp til 15 x 15 cm. Også skarpe xls opp til 4cm frå same lokalitet.

-DIOPSID, stort utval av stuffar frå det kjende funnet på E18 ved Akland, Risør. 50-750kr.

-DOLOMITT med albitt og mikro rutil/pyritt frå Fauske. Nytt funn 03 av eit spennande materiale.

-DRAVITT, Små (1-5cm lange), svarte, blanke, lange xls med terminering i kvit matrix. E-18 Risør.

-EPIDOT, Ulsteinvik. Små og store stuffar av krystallisk epidot, med druser med terminerte, skarpe krystallvifter. Svært dekorative prøver. Gode småprøver 50-150kr, store (opp til 6x18 cm) opptil 1450kr.

-GRANAT, var Rhodolitt, avrunda xls med spesiell farge, E-18 Gjerstad. Rimeleg materiale.

-GRANAT, (andralitt/grossular) +/- kvarts. Svarte/brune, blanke xls opp til 2cm, Drammen.Ofte i små, estetiske flak og grupper.

-FLUORITT, Drammen. Skarpt grøn, mest massive fjell med mindre druser med blå/lilla xls. Mange små og nokre få større prøver opp til 375,-

-HORNBLENDE, mange flotte stuffar og enkeltxls opp til 12-15cm frå det nye storfunnet (2003) på E18, Akland, Risør. Både med og utan asbest-terminasjonar. Frå 50 - 1250 kr (grupper).

-HEULANDITT, vifter og kuler opp til 2cm på gneis. E6, Majavatn, Nordland.

-HYDROKSYL-APATITT, gode xls på matrix, +/- hornblende får klassisk forekomst. Oksøykollen, Modum.

KALSITT, Kjørholt. Div. grupper opp til 25x35cm med ulike typer xls, også tvillingar, bladspat xls og andre. Frå 500kr og nedover.

Kalsitt frÃ¥ Kjørholt, FSN 08.JPG 

-KLINOKLOR, grønnsvarte krystallhjul opp til 3cm, +/- kalsitt, kvarts. Beste norske funn av dette mineralet ? Åheim. Prisar f¨å 150 -1100 kr.
-KOPPAR, dendrittisk/takkete (av og til også litt sølv) på sandstein frå Dalane, Telemark. Mange bra stuffar til prisar frå 100kr og oppover.


-KVARTS, har vi frå 15-20 ulike norske forekomster, i storleikar frå mikro og opp til stuffar på 30x50cm. Klare bergkrystallar serleg frå Valdres, Hardangervidda, Hattfjelldal og Lierne, fantom-kvarts t.d. frå Tinnosen, Lifjell og Sør-Varanger. Raude kvartsar (med hematittdryss) frå nær Børgefjell, røykkvarts frå Hurum og Honningsvåg, og citrin/røykkvarts frå det nye funnet på Hurum i år. Leitar du kanskje etter scepterkvartsar/amethyst (Romsdalen, Totenåsen), eller etter ribbe-kvarts (katedralkvarts) frå Tinnosen eller Sørli? For ikkje å gløyme amethyst frå Løten eller frå E18 ved Holmestrand ! Vi har dei alle. Prisar varierer med kvalitet og storleik, men du får ein rimeleg bra stuff frå 100 kr og oppover

-MIKROKLIN: Flak og stuffar med m.xls, kloritt +/-apophyllittt m.m. frå stordrusa i tunnellen Fjørå-Tafjord 1983. 100-300 kr.

-OMFACITT, Grasdalen, Stryn. Mørkegrøne, grove xls opp til 2x5cm i kvit kvarts av dette rel. sjeldne mineralet, prøver opp til 10x10cm til prisar under 300kr.

-ORTHOKLAS og mikroklin, (dobbelt-) terminerte enkeltxls frå stor druse i Roan ca. 1985. Skarpe, kvite enkeltxls, dei beste er svært bra. Også nokre få røyk-kvartsxls.
-PARGASITT, Vågå. Opp til dm-lange nåler på kvitt glimmer (=paragonitt), stundom med granat. Som flak eller dekorative fjell opp til 18x24cm. 40-250kr.

-PREHNITT på epidot, Valldal. Funn 1989. Nokre få prøver opp til 8x8cm. Opp til 175kr.

-PREHNITT, nær Børgefjell. Kvartsxls med rundt hematittdryss opp til 10cm - og mindre xls. Gule, kuvne skorper av prehnitt. Nokre svært gode prøver opp til 800 kr.

-PREHNITT, E-18, Holmestrand. Klumpar og fjell av bleikgrøn p. med hissige grøne flekkar rundt korn av nat.koppar. Druser med krystallar. Rimeleg og dekorativt.

-PREHNITT, gule paramorfoser på analcim (?) Søndeled. Store, grøngrå flak/stuffar frå funn i okt.03, også skarpt gul og raud prehnitt og nokre få stuffar med fantom-prehnitt !

-PREHNITT, grøne, vakre krystallgrupper frå druser i porfyr, E-18 Holmestrand. Ein del av denne p.har prikkar av nat. koppar inni med omvandling til fargesterk chrysocolla.

-RUBELLITT, sjokkrosa xls i kvit pegmatitt, Stord.

-SKAPOLITT, grøngrå krystallgrupper med xls til 2cm, Søndeled.

-SILLIMANITT, sølvgrå, krystallinske stykke frå pegmatitt, Kragerø.

-TALK, Sel. Blågrøne xl-rosettar preparert ut i kvit/gul magnesitt, stundom med litt apatitt og hematitt. Svært dekorative prøver, ofte forma som fjell. Frå 125 og opp til 6-700

-ZOISITT, bleikgrøne xls i amfibolitt frå funn 03 i Mo i Rana. Nokre få stuffar

...
Fossheim Steinsenter
N-2686 Lom
Norway

Tlf. +47 612 11460

fossst@online.no