
Velkomen til
STEINTREFF 2010
med 25-års jubileum for Fossheim Steinsenter og opning av Tidsaksen
Det fyrste steintreffet hadde vi her i 1974, og fram til 2005 var det berre avlyst to gonger. Det er såleis ein gamal tradisjon vi nå tek opp at i samband med at det er 25 år sia Steinlåven vår vart opna. Sjølve jubileet blir feira med opning av Tidsaksen og jubileumsmiddag på Fossheim Turisthotell den 13. mai (Kristi Himmelfart).
Frå fredag 14. til og med sundag 16. mai blir det vanleg Steintreff med 1-3 turopplegg pr. dag med førar. Turane startar 09-10, vi har lunchpakke med og kokar kaffe ute om veret tillet. Om kveldane blir det lysbildeforedrag og/eller historiekveld i Gaukstadstugu, og byttebord blir sett opp i 2. etasje i Steinsenteret.
Måndag inviterer Hotellet på 17. mai tur til Galdhøpiggen.
I høgfjellet er det på denne tida til vanleg mykje snø. Sognefjellsvegen opnar 1. mai, både her og i Leirdalen er det i godt ver utruleg fint med ein skikkeleg fjellskitur med hammar i sekken.
Programmet er elles avhengig av veret, og vi baserer oss på forekomster nede i dalen eller kring Tesse. I Hornindal (160 km) er arbeidet nå i gang med den nye Kviven-tunellen!
for å vera med på Steintreffet krev vi inn 250 kr pr person.
PRISAR (for berre Steintreffet eller for heile perioden)
Fossheim Turisthotell Tlf 612 19500, epost: resepsjon@fossheimhotell.no
Overnatting i dobbeltrom inkl. 1/2 pensjon og niste..........................kr 750 pr pers
" " med frukost..........................................kr 525 pr pers
Enkeltromstillegg..............................................................................kr 270 pr natt
Dei som vil vera med på jubileumsmiddagen og bur på Fossheim betaler kr 100 pr pers for denne. Jubileumsmiddag for andre er kr 375.
Dagens r-retters middag/kveldsbord for dei som ikkje burr på Fossheim er kr 275.
Nordal Turistsenter Tlf 612 19300, epost: booking@nordalturistsenter.no
ligg tvert over vegen for Steinsenteret og har både rom med hotellstandard og hytter vid sia av kafeteria, pub og bensinstasjon.
Her kan du få enkeltrom frå kr 670 pr natt og dobbeltrom frå kr 990.
Enkle 4-sengs hytter kostar frå kr 370 pr natt og opp til kr 680 for hytter med dusj/WC og to sengjerom.
Strind Gard Tlf 612 11237, epost: post@trind-gard.no
ligg med hus og hytter samla rundt eit triveleg tun 3 km oppover langs Sognefjellsvegen. Her er mange spennande tilbod å velje blant i rimelege rom og hytter.
Påmelding direkte til overnattingsstadane, men hugs å seie frå pr telefon eller e-post også til oss:
Fossheim Steinsenter Tlf 612 11460, epost: fossst@online.no

