...

Verdas fyrste TIDSAKSE i full skala opnar i Lom !

 

Frå 13. mai byr nasjonalparklandsbyen Lom på verdas fyrste vandring i ”djup tid.”

Fossheim Steinsenter feirar 25-års jubileum og opnar den nye Tidsaksen langs 1000m vandring etter Bergomsrunda.

Å samle på stein har i USA og fleire land i Europa vore ein populær hobby i meir enn hundre år. På 70-talet vart dei fyrste steinklubbane stifta også i vårt land, og i mai 1985 opna Fossheim Steinsenter som fyrste kombinerte steinbutikk og informasjonsenter i Noreg.

Steinklubbane spreidde seg raskt utover og hadde etter nokre år meir enn 3000 medlemmar. I Steinsenteret i Lom bygde vi gradvis opp eit omfattande geologisk museum med eigne naturstigar, turopplegg på fleire språk til 12 ulike turmål i nærområdet og årlege Steintreff.

Lom vart eit naturleg samlingspunkt for stein- og naturinteresserte i Norden, og med lægje midt i ei av dei viktigaste turistrutene til Vestlandet  nådde Steinsenteret snart eit besøkstal på meir enn 50 000.

Etter få år produserte vi smykker i meir enn 20 ulike norske smykkesteinar og i vår eigen  verkstad laga vi bruksting og souvenirar av og med norsk stein.

Før O.L i 1994 kjøpte vi og restaurerte ein gamal bygard på Lillehammer, eit arbeid vi fekk 2 prisar for. Her dreiv vi butikk i ti år, og på denne tida hadde vi totalt 8 årsverk knytt til produksjon og salg av norsk råstein.

Ved 25-års jubileet er Fossheim Steinsenter med inngang gjennom ein 8 meter høg modell av ein bergkrystall til ein restaurert gamal storlåve eit vel etablert landemerke på vegen til Vestlandet.

I staden for å byggje nytt har vi alltid funne gamle, ofte nedfallstruga hus som vi har flytt hit, restaurert og gjeve ny funksjon.  Bak smykkegalleri og butikkar har vi i dag eit geologisk museum med den største utstillinga i landet av norske mineral og smykkestein med vel 24000 prøver frå 650 ulike forekomster. Og, vi prøver kvart år å by på noko nytt; det vera seg nye smykkemodellar eller smykkestein frå nye lokalitetar, nye, norske mineralfunn eller nye kunstformer i stein.

Den 13. mai i år opnar vi den nye TIDSAKSEN! Ikkje noko mindre enn Jordas historie og Livets utvikling på Jorda vil vi framstille på 1000 m vandring gjennom nasjonalparklandsbyen Lom. Med 30 skilt illustrert av kunstnaren Geir Garmo, og med 15 prøver av delvis lokale bergartar og fossilblokker tidsrett plassert langs stigen vil vi prøve å kaste glimt inn i klotens 4600 mill. år lange utvikling. Kvar meter du går vil spenne over 4,6 millionar år, kvar millimeter langs aksen er 4600 år.

Kanskje kan Lom og Steinsenteret i sommar bli eit ekstra spennande mål å besøkje for å lære meir om vår eigen fortid ? For fortida er som kjent nøkkelen også til å forstå meir om menneskets usikre framtid.

Frøydis E. Rambo                      Torgeir T. Garmo

...
Fossheim Steinsenter
N-2686 Lom
Norway

Tlf. +47 612 11460

fossst@online.no